Tilkomst

Ta av E39 mot Auklandshamn og parker ved butikken/skulen.

Turen

Turen starter rett bak ballbingen på skulen. Stien er merka heile vegen. Først delen er flat bort til Tvilligtjørane, etter det byrjar det å stiga noko til Skinntjørna. Då er det noko småkupert bort til Skardtjørna før det byrjar å stiga igjen opp mot toppen.

Alternativ Tur

Når ein går frå Sætre så parkerar ein ved vegen til Auklandshamn. Det er eit busskur på høgre side og det står skilt om turen på venstre side av vegen.

Turen startar opp grusvegen, men etter 100 meter så tek ein av ut på godt synleg sti. Stien går med slakk stigning oppover. Det er ein del blaute parti på vegen oppover. Når ein nærmar seg toppen er det ein bratt bakke på eit par hundre meter (50-60 høgdemeter) før det slakkar ut den siste biten.

Turen kan også gå frå Emberland, men denne vegen har eg ikkje gått.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 4,6 km ein veg
  • Topppunkt: 271 moh
  • Startpunkt: 50 moh
  • Stigning: 290 m
  • Fall: 101 m
  • Lengde: 1,8 km ein veg
  • Topppunkt: 271 moh
  • Startpunkt: 47 moh
  • Stigning: 225 m
  • Fall: 1 m

Categories:

Comments are closed