Tilkomst

Ta av E134 mot Frette og kjør inn mot Øyna. Parkering der vegen går over elva frå Hellaugvatnet (Første bru etter Frette brua).

Tur

Gå over brua og følg T-merka mot Storevassbu sti forbi Hellaug og opp til Feto. Når ein er komme over elva så følg T-merka sti mot Blomstølen opp bakkane. Når ein nesten opp så ligg det eit skilt mot Heimre Sauanuten og vegen vidare er merka med gule merker. Følg merka. Etter kvart kjem ein til eit skar som ein skal klatra opp. Når ein er komme oppå så slakk motbakke heilt til toppen.

Alternativ Tur

For dei som ikkje ynskjer å klatra opp skaret så er det mogeleg å gå rundt det. Når ein er på «flaten» nedunder den kneika så tek ein til høgre mot Storevassbu. Vegen her er merka med vardar. Etter litt så er det kjem ein til ein grasbakke som ein skal gå opp og skrå tilbake mot Nuten. Ein er tilbake til stien rett under den aller siste bakken mot toppen.

Alternativ tur er også å gå om Skuggen. For å ta denne vegen tek ein av T-merka rute når ein kjem til Hellaugvatnet og opp lia. Vegen her er ikkje merka og kan vera vanskeleg å finna. Vil ikkje anbefale utan GPS-spor. Når ein kjem opp så er det å følga kanten ned mot Hellaug heilt til ein kjem til T-merka sti og så kan ein forsette mot gul-merka veg mot Nuten.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 6,1 km ein veg
  • Toppunkt: 1158 moh
  • Startpunkt: 71 moh
  • Stigning: 1171 m
  • Fall: 65 m
  • Lengde: 7,3 km ein veg
  • Toppunkt: 1158 moh
  • Startpunkt: 71 moh
  • Stigning: 1219 m
  • Fall: 142 m
  • Lengde: 7,3 km ein veg
  • Toppunkt: 1158 moh
  • Startpunkt: 71 moh
  • Stigning: 1213 m
  • Fall: 111 m

Categories:

Comments are closed