Tilkomst

Ta av E134 i Ølensvåg retning Bjoa. Kjør forbi Ølen Betong og ta av til venstre opp mot brakkebyen der. (Motsatt side av vegen enn til Lundaneset VGS). Følg veg til ein passerar eit gamalt veksthus kor ein kan parkera.

Tur

Følg skilt så kjem ein til ein godt synleg sti frå brakkebyen. Følg stien opp gjennom beite og vidare opp gjennom granskogen. Skal ha bekken på høgre hand heile vegen opp til skaret. Det er ikkje noko særleg synleg sti opp gjennom granskogen. Dette er også bratt opp gjennom skogen.

Når ein kjem opp i skaret skal ein ta til høgre og følgja godt synleg sti heilt til toppen. Stien flatar ut eit stykke her før den igjen stiger bratt opp ryggen til toppen. Dei siste hundre meterane er flate.

Turen kan tas i samanheng med Hovda og vidare til Ormåsen.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 1,8 km ein veg
  • Toppunkt: 534 moh
  • Startpunkt: 29 moh
  • Stigning: 515 m
  • Fall: 6m

Categories:

Comments are closed