Om sida

Grunnen til sida var å samla små og store turer i område Ryfylke, Haugalandet og Sunnhordaland og legge til rette for at andre kan komma seg ut på tur i det same område. For å gjera det så laga eg ein sida som visar noko av det som eg sakna når eg starta å gå i område. Informasjon om kor ein startar og korleis ein skal gå med GPS-spor.


Alle sidane med turforklaringar er lagt opp etter den same malen. Først kjem korleis ein kjem til parkeringa og korleis ein eventuelt parkerar. Deretter kjem korleis ein går til turmålet. Her er det kun ruter som eg har gått som blir forklart. Etter dette kjem alternative ruter. Her kan det vera ruter som er i frå andre startpunkt eller ruter kor man gjer det til ein rundtur.

Deretter er det eit kart. Her er det markert inn parkering, turmålet og ruta, eventuelt fleire ruter til turmålet.

For å legge til rette for dette så er det mogeleg å laste ned spora i GPX-format som ein kan legge inn på GPS eller i Apper på mobilen slik at ein kan følgja den same ruta. Denne fila kan ein få ved å trykke nedlastingsfila som ligg under kartet. Her ligg det også noko statistikk om dei ulike spora.

Spora er gradert der grøn er dei lettate og så går det vidare til raud, blå, lilla og svart som dei vanskelegaste. Det var litt vanskeleg å bare holda seg til 4 kategorier. Turane blir klassifisert etter høgdemeter og km, janmfør tabellen under.

Farge
Høgdemeter
Km tur/retur
Grøn
Under 250 meter
Under 4 km
Raud
250-500 meter
4-8 km
Blå
500-750 meter
8-12 km
Lilla
750-1000 meter
12-16 km
Svart
over 1000 meter
over 16 km

Turen blir klassifisert i den gruppen kor den kjem høgaste. Slik at ein tur på 15 km tur retur og som det kunn er 300 moh på blir klassifisert som lilla tur. Håpar at dette kan vera til hjelp.

God Tur!!!