Ormåsen (515 moh)

Tilkomst

Ta av E134 i Ølensvåg retning Bjoa. Parkering ved busslomme rett etter brua i Ølensvåg.

Tur

Følg vegen opp mot Dueland. Forsett fordi alle husa og vidare på skogsvegen. Etter kvart kjem ein til eit kryss der det er skilta til Ormåsen. Følg så denne skogsvegen til endes. Det har vært ein jemn stigning heile vegen til dette.

Der går ein over til sti bortover lia. Her er stien merka med pinner som er raude i toppen. Det er ein del blaute parti bortover dette partiet bort til den siste bratte bakken opp til toppen.

Herfrå kan ein også gå vidare til Hovda og Kåtanuten.

Alternativ tur

Parker ved Granberg Garveri. Gå så litt tilbake mot Ølensvåg til ein kjem til ein bratt avkjørsel. Følg så denne vegen heile vegen opp til det flater ut inn i Bondalen. Her er det skilt til venstre mot Ormåsen. Ta av her og følg raude pinner heile vegen til oppen. Her går det slakt oppover til ein får ein bratt bakke rett før toppen.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 4,0 km ein veg
  • Høgaste punkt: 515 moh
  • Lågaste punkt: 3 moh
  • Stigning: 522 m
  • Fall: 11 m
  • Lengde: 3,1 km ein veg
  • Høgaste punkt: 515 moh
  • Lågaste punkt: 16 moh
  • Stigning: 507 m
  • Fall: 8 m