Farande Fant for Klypetussen IL i 2000

Tilkomst

Frå E134 ta av mot Litledalen litt aust av Etne Sentrum. Følg vegen fram  til du kjem til ein skarp sving i Litledalsvegen med ein gardsveg som  går rett fram. Følg denne vegen til endes (Den går etterkvart over til  grusveg). Parkering i enden av vegen.

Tur

Gå gjennom grinda og følg traktorveg. Etter kvart er det ein straumtrå over vegen, forsett fordi dette. Når du er komme oppe på ein rygg og vegen snur tilbake mot Berge skal ein ta av vegen til Venstre. Følg godt synleg sti til varden på Hodlestadnuten. Forsett vidare innover og over myra før ein tek opp dalen. Her kan ein ta av til Smørnut.

Turen til Soleimsgrønnuten forsetter gjennom dalen og vidare på nordsida av ein haug. Når ein rundar haugen så ser man kraftlinja. Då skal ein ta seg over flaten og opp bakken rett bak ein Karftmast. Følg bakken opp gjennom ein liten dal og rund rundt. Då ser ein toppen rett føre seg. Det er ikkje varde på toppen av denne nuten.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 5,0 km ein veg
  • Topppunkt: 757 moh
  • Startpunkt: 239 moh
  • Stigning: 657 m
  • Fall: 140 m

Categories:

Comments are closed