Tilkomst

Ta av frå E134 mot Aurdal i Øvre Vats. Følg vegen til du kjem fram til  parkering ved ein driftsbygning. Pass på at ein ikkje parkera i vegen for trafikken.

Tur

Turen startar med å følga traktorvegen opp til Fjellgardsbakken. Gå over brua og følg vegen vidare. Etter kvart så kjem ein til eit kryss kor ein tek av mot Aksla, Sletthaug og Vardafjellet.

Vegen går vidare over 2 bruer til og så kjem det eit stykke kor det er sti før ein kjem tilbake til veg. Følg den vidare til skilt mot Steinslandsnuten. Her vil også vegen gå nedover til Steinsland. Nå går vegen over til sti heilt til toppen.

Alternativt kan ein gå via Sønnanåstølen, enten på veg opp eller ned.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 5,0 km ein veg
  • Toppunkt: 514 moh
  • Startpunkt: 80 moh
  • Stigning: 463 m
  • Fall: 29m

Categories:

Comments are closed