Vardafjellet (661 moh)

Tilkomst

Ta av frå E134 mot Aurdal i Øvre Vats. Følg vegen til du kjem fram til parkering ved ein driftsbygning. Pass på at ein ikkje parkerar i vegen for trafikken.

Tur

Turen startar ved å følgja traktorveg heile vegen til Sletthaugen. Her følg ein skiltinga til Sletthaug/Aksla. Det er nokre bratte parti på vegen, men den er god å følgja.

Etter Sletthaug går ein over til sti. Den er godt merka med raude merke. Litt etter skal ein opp lia til Durmålskar. Her vel ein enten til høgre mot Vardafjellet eller til venstre mot Aksla. Siste resten opp til toppen går som ein jamn stigning.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 5,3 km ein veg
    Høgaste punkt: 661 moh
    Lågaste punkt: 83 moh
    Stigning: 622 m
    Fall: 52 m