Alle30 er ein samling av turposter frå Etne IL, Skånevik IL, Klypetussen IL og Fjæra og Rullestad IL. Ein har eit år på å fullføra alle postane (Frå 1. Oktober til 30. September). Nå er det Etne Turlag som organiserar dette og ein kan notera seg på alle postane ved hjelp av UT appen.

Postane som høyrar til Etne er farga i raude, Skånevik er lilla, Klypetussen er blå og Fjæra og Rullestad er grøne i kartet under. Dei fleste postane er faste, men det er to stk som er forskjellige frå år til år. «Farande Fanter» er farga svarte.

Tidlegare og nåværande Farande Fant