Ormåsen (515 moh)

Tilkomst

Ta av E134 i Ølensvåg retning Bjoa. Parkering ved busslomme rett etter brua i Ølensvåg.

Tur

Følg vegen opp mot Dueland. Forsett fordi alle husa og vidare på skogsvegen. Etter kvart kjem ein til eit kryss der det er skilta til Ormåsen. Følg så denne skogsvegen til endes. Det har vært ein jamn stigning heile vegen til dette.

Der går ein over til sti bortover lia. Her er stien merka med pinnar som er raude i toppen. Det er ein del blaute parti bortover dette partiet bort til den siste bratte bakken opp til toppen.

Herfrå kan ein også gå vidare til Hovda og Kåtanuten.

Alternativ Tur

Parker ved Granberg Garveri. Gå så litt tilbake mot Ølensvåg til ein kjem til ein bratt avkøyring. Følg så denne vegen heile vegen opp til det flater ut inn i Bondalen. Her er det skilt til venstre mot Ormåsen. Ta av her og følg raude pinnar heile vegen til toppen. Her går det slakt oppover til ein får ein bratt bakke rett før toppen.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 4,0 km ein veg
  • Toppunkt: 515 moh
  • Startpunkt: 3 moh
  • Stigning: 522 m
  • Fall: 11 m
  • Lengde: 3,1 km ein veg
  • Toppunkt: 515 moh
  • Startpunkt: 16 moh
  • Stigning: 507 m
  • Fall: 8 m

Categories: