Åborenuten (1074 moh)

Farande fant Klypetussen i 1997 & 2020

Tilkomst

Kjør på E134 til du kjem til 50km/t etter Håfoss. Då tek du av over brua og kjører Kvamsvegen til endes. Etter kvart går vegen over til grusvei.  Litt etterpå kjem du til avgiftsbelagt veg. Der er det eit stativ kor  ein betaler vegavgifta. Så kan ein kjøra vegen heilt til ein kjem til  bommen.

Tur

Turen startar med å gå vegen til endes. Her er det ein grind som ein  skal igjennom og forsetta igjennom skogen og inn skaret. Når ein er  komme igjen skaret så er det ein ny grind. Følg sti som held til høgre.  Stien går vidare mot Djupevatnet. Når ein er komme fordi Djupevatnet  kryssar ein T-merka sti og går vidare ned bakken til ein kjem til  Hellestølen.

Forsett vidare på sti over dalen og vidare opp mot Kjerringvatnet. Her skal ein opp lia nord for vatnet. Følg bekken opp til Krokavatnet. Følg sørsida av vatnet og ta opp dalen som går sørover. Når dalen flater ut og byrjar nedover igjen så ta til høgre opp til varden.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 9,0 km ein veg
  • Toppunkt: 1078 moh
  • Startpunkt: 352 moh
  • Stigning: 866 m
  • Fall: 142 m

Categories: