Tilkomst

Ta av E39 ved Heiane næringsområde på Stord og mot Sagvåg og flyplassen. Kjør vidare gjennom Sagvåg og vidare mot Stord flyplass. Par hundre meter etter krysset til flyplassen mot Fitjar er det parkering. Turen startar på andre sida av vegen.

Tur

Turen startar opp ein liten bakke og gjennom ei grind. Husk å lukka grinda etter deg. Så følgjar den flatt bortover til ein kjem til eit kryss. Her kan ein velja begge veger, men vegen til venstre er ein lengre rundtur. Turen til høgre går så jamt oppover dei neste 700 meterane med ein liten knekker før den siste delen er flatt bortover ryggen til toppen.

Alternativ Tur

Ta til venstre i krysset, men denne turen har eg ikkje gått.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 1,6 km ein veg
  • Toppunkt: 228 moh
  • Startpunkt: 46 moh
  • Stigning: 185 m
  • Fall: 5 m

Categories:

Comments are closed