Farande Fant i Fjæra og Rullestad 2019

Tilkomst

Ta av E134 i Rullestad og parker ved Rullestad Camping.

Tur

Turen startar ved å følgja gamlevegen over den første brua. Ta av på veg langs elva opp mot europavegen og gå under underganger bak løa. Gå tilbake over elva på andre sida av vegen og så følg opp langs elva i beite. Når ein kjem opp i furuskogen er turen merka med raude merke. Turen er bratt, men ein går noko fram og tilbake opp lia.

Opp mot Svenuten så flater det ut. Der ligg ein støl, frå her er det ikkje lengre merka med raude merket, men med små vardar. Stien er ikkje alltid like tydeleg, men det er mykje berg så det er lett å gå sjølv om ein ikkje er på stien. Ein skal også gå i den same retninga heile vegen til toppen. Etter kvart kjem ein til nokre vatnet. Disse skal ein gå på yttersida av. Rett før ein skal opp den siste bakken kjem ein frampå med fin utsikt utover fjorden.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 3,8 km ein veg
  • Toppunkt: 713 moh
  • Startpunkt: 107 moh
  • Stigning: 639 m
  • Fall: 22 m

Categories:

Comments are closed