Tilkomst

Ta av E134 i Ølenvåg mot Bjoa. Sving av av opp mot Bjoavatnet og følg skilt til Hundepensjonat. Etter ca 500 meter så er det ein parkeringsplass på venstre sida av vegen.

Tur

Start turen med å følg skilt mot Gråhorgja. Så kjem ein bort til Bjoavatnet. Her borte er det merka opp lia med raude merker på ein skogveg. Følg denne opp gjennom eit par svingar. Så skal man ta av vegen og over på ein sti som går rett opp lia til man er oppe på ryggen. Så skal man følgja ryggen oppover fordi Husafjellet. Her kjem det ein sti opp i frå Bjoa.

Stien går vidare oppover ryggen mot Heilo og fordi Svalesteinen. Litt etter Svalesteinen så er det ein liten bratte kneik før det flater ut. Her ligg det nokre vatn og Gråhorghytta som ein kan overnatta i. Herfrå er det ein liten bakke til før toppen.

Alternativ Tur

Alternativ tur er i frå Kolbeinhaugslia. Kjør vidare innover forbi parkeringa og vidare innover dalen. Før ein passerar elva så tek ein inn på ein grusveg. Følg vegen oppover til bommen kor ein parkerar.

Turen startar innover vegen. Det er fleire stiar opp her. Men det sporet som er lagt inn her følg det 2. skiltet til Gråhorga langs vegen. Den tek av på ein mindre traktorveg. Ette litt så tek ein av vegen og inn på sti som går rett opp lia. Det er godt synleg sti opp lia. Når det startar å flata ut etter tregrensa så kan ein ta sti som går til Gråhorghytta eller sti som går til toppen. Her slakkar det ut noko langs Lomatjørna. Når ein passerar tjørna så går det slakt oppover til toppen.

Kart

Fil og Turstatistikk

  • Lengde: 4,8 km ein veg
  • Toppunkt: 746 moh
  • Startpunkt: 84 moh
  • Stigning: 708 m
  • Fall: 48 m
  • Lengde: 3,9 km ein veg
  • Toppunkt: 746 moh
  • Startpunkt: 259 moh
  • Stigning: 524 m
  • Fall: 37 m

.

Categories:

Comments are closed