Gudbrandsfjell (292 moh)

Tilkomst

Ta av e39 og kjør til Hervik Kai for parkering.

Tur

Turen startar med å følgja vegen tilbake ca 900 meter. Når ein har passert eit hus på venstre med levegg så skal ein ta over ein bru til venstre og ut langs kanten av ekra. Herfrå går det sti oppover terrenget. Etterkvart så kjem det eit kryss kor ein kan gå den korte vegen eller den lange vegen opp. Den korte vegen går herfrå oppover heile vegen til toppen.

Alternativ Tur

Den alternative turen er den lange turen. Denne turen går det slakkare oppover, og ein får utsyn til Rossadalen. Når ein kjem oppå her så ser ein ned til Sutadalsfjellet. Deretter kjem det ein kreik opp til Gudbrandstjørna. Her kjem ein opp på vegen til vindmøllane. Her er det å følgja vegen rundt tjørna og opp til toppen.

Kart

Fil og Turstatistikk

  • Lengde: 2,8 km ein veg
  • Toppunkt: 292 moh
  • Startpunkt: 9 moh
  • Stigning: 302 m
  • Fall: 14 m
  • Lengde: 4,2 km ein veg
  • Toppunkt: 292 moh
  • Startpunkt: 9 moh
  • Stigning: 321 m
  • Fall: 39 m

Categories: