Håfjellet (937 moh)

Tilkomst

Kjør E134 og sving av mot Skånevik i Stordalen. Kjør opp bakkane og når det flater ut så er det parkering på austsida av vegen.

Tur

Stien går opp på vestsida av vegen til Skånevik. Stien er lett å følgja frå starten av, men det er ein del blaute parti fram til ein kjem til Nesestølen. Over Nesestølen kjem ein etterkvart til ein liten dal. Her kan ein ta feil og ta til venstre, men ein skal bare gå rett fram dalen. Dette partiet kan stien vera litt utydeleg. Etter dette kjem ein bort til ein bratte bakke som ein skal opp. Her er stien godt synleg heile vegen til toppen.

Alternativ Tur

Atlernativ tur kan ein gå i frå Skånevik via Strondahaugane og/eller Juraskarkjerringa.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 4,8 km ein veg
  • Toppunkt: 937 moh
  • Startpunkt: 338 moh
  • Stigning: 637 m
  • Fall: 32 m

Categories: