Høylandsnuten (734 moh)

Tilkomst

Ta av E134 ca. 1 km aust for Etne Sentrum. Følg Fossavegen i ca. 3 km. Ta av inn på rusveg. Det er vegavgift på denne vegen og den betalar ein rett etter ein har tatt inn på vegen. Følg vegen til enden. Det er nokre grinder på vegen opp.

Tur

Frå Rus så tek ein av traktorvegen mot og over myra mot Skittjørna. Derfrå tek ein T-merka sti nesten heile vegen mot Høylandsnuten. Rett før skaret kan ein skrå opp bakken. Er laga til små vardar her. Eller så kan ein gå heilt opp i skaret og ta av stien der.

Alternativ Tur

Turen kan også tas frå Kritle. Følg då anleggsvegen til Auestadstølen og følg så T-merka sti opp til skaret, for å så gå ut til nuten.

Kart

Categories: