Tilkomst

Ta av E134 i Ølensvåg retning Bjoa. Køyr forbi Ølen Betong og ta av til  venstre opp mot brakkebyen der. (Motsatt side av vegen enn til  Lundaneset VGS). Følg veg til ein passera eit gamalt veksthus kor ein  kan parkera.

Tur

Følg skilt så kjem ein til ein godt synleg sti frå brakkebyen. Følg  stien opp gjennom beite og vidare opp gjennom granskogen. Skal ha bekken  på høgre hand heile vegen opp til skaret. Det er ikkje noko særleg  synleg sti opp gjennom granskogen. Dette er også bratt opp gjennom  skogen.

Når ein kjem opp i skaret held ein til venstre og følger sti som er merka med raude merkar. Turen går i slakk stigning heile vegen til toppen.

Turen kan tas ilag med Kåtanuten eller gå vidare mot Ormåsen.

Alternativ Tur

Parker ved Granberg Garveri. Følg vegen tilbake mot Ølensvåg til du kjem til ein avkøyring opp ein bratt li. Følg så denne vegen til endes. Ved ein gard så går ein over ein ferist og vegen går over til grusveg. Følg vegen helt opp til det flater ut. Her står det skilt til Hovda. Følg så merka sti bort til toppen.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 1,4 km ein veg
  • Toppunkt: 443 moh
  • Startpunkt: 29 moh
  • Stigning: 413 m
  • Fall: 0 m
  • Lengde: 2,7 km ein veg
  • Toppunkt: 443 moh
  • Startpunkt: 16 moh
  • Stigning: 437 m
  • Fall: 13 m

Categories:

Comments are closed