Nordfjellet (867 moh)

Tilkomst

Kjør på E134 til du kjem til 50km/t etter Håfoss. Då tek du av over brua og kjører Kvamsvegen til endes. Etter kvart går vegen over til grusveg. Litt etterpå kjem du til avgiftsbelagt veg. Der er det eit stativ kor ein betaler vegavgifta. Så kan ein køyra vegen heilt til ein kjem til bommen.

Turen

Turen startar med å gå vegen til endes. Her er det ein grind som ein skal igjennom og forsetta igjennom skogen og inn skaret. Når ein er komme igjen skaret så er det ein ny grind. Då skal ein følgja stien som går til venstre og følgja den forbi Kvamstølen og vidare opp bakken. På toppen av bakken svingar stien til høgre og går rundt to små tjødnar. Her ser ein varden på Nordfjellet for første gang. Etter tjødnane går stien litt nedover til foten av Nordfjellet. Her hoppar skal ein over bekken for så å starta på den siste stigninga. Då går det oppover heilt til varden. Det er same vegen tilbake til bilen.

Alternativ Tur

Vis det er ynskje om lengre tur så kan ein ta turen rundt Djupavatnet. Då følgjar stien til høgre rett etter den andre grinda. Etter ein motbakke kjem ein opp til vatnet og bort til turiststien. Her ser ein toppen av Nordfjellet mot nord. Følg turistvegen mot toppen til stien tek ned til Fetovatnet. Då skrår ein opp bakkane mot toppen. Her er det ikkje godt synleg sti.

Eit anna alternativ er å gå frå Frette. Det går ein opp traktorveg tvers over vegen forhold til parkeringa. Følg denne til Hellaugvatnet. Då går turen opp ein bratte li. Opp på denne lia kjem opp i ein dal og her kjem ein inn på turistløypa til Løkjesvatnet. Følg turistløypa rundt Flotevatnet og opp til Mjåvatnet. Då tek ein av turistløypa og opp lia til toppen av Nordfjellet. Her er det ikkje godt synleg sti til toppen.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 3,6 km ein veg
  • Topppunkt: 867 moh
  • Startpunkt: 373 moh
  • Stigning: 533 m
  • Fall: 54 m
  • Lengde: 5,2 km ein veg
  • Topppunkt: 867 moh
  • Startpunkt: 373 moh
  • Stigning: 560 m
  • Fall: 64 m
  • Lengde: 7,4 km ein veg
  • Topppunkt: 867 moh
  • Startpunkt: 102 moh
  • Stigning: 913 m
  • Fall: 147 m

Categories: