Tilkomst

Ta av E134 ca. 1 km aust for Etne Sentrum. Følg Fossavegen i ca. 3 km. Ta av inn på rusveg. Det er vegavgift på denne vegen og den betalar ein rett etter ein har tatt inn på vegen. Følg vegen til enden. Det er nokre grinder på vegen opp.

Tur

Start å gå følg traktorvegen til du kjem til skilt mot Steinfjellet. Ta deg opp langs bekken og myra og opp på ryggen. Følg ryggen til endes og ta deg over myra og oppover bakken på motsatt side. Herfrå er det merka sti heilt til toppen.

Alternativ Tur

Kjør til parkeringa på Oppeim. Følg vegen inn til Olialia. Forsett vidare på Turistløypa frå Olalia til Staurskorsstølen og inn skaret. Hold deg på venstre side av dalen og ein kjem til merka sti til Steinfjellet.

Ved meir direkte tur tek ein av vegen til Olalia ved Ongelsvatnet og tek seg på skrå opp lia. Det er ikkje lett synleg sti opp bakken, men det er forholdsvis greitt å gå.

Kart

Turstatistikk og Fil

  • Lengde: 2,9 km ein veg
  • Topppunkt: 690 moh
  • Startpunkt: 503 moh
  • Stigning: 224 m
  • Fall: 27 m
  • Lengde: 12,6 km rundtur
  • Topppunkt: 690 moh
  • Startpunkt: 253 moh
  • Stigning: 613 m
  • Fall: 510 m

Comments are closed