Tilkomst

Ta av på Stord mot Heiane. Parker med Lundseter Kraftstasjon.

Tur

Følg vegen ca 200 meter tilbake i frå Lundseter. Ta av vegen og det står eit skilt litt borti bakken. Følg stien opp langs kraftlinja som går opp Stengjeldsdalen. Stien her kryssar bekken mange gangar og kan nokre stader vera blaut så gode sko er å anbefala. Når ein er komme opp dalen svingar ein nordover. Herfrå er det meir stein og fjell opp til toppen. Rett under toppen kjem stien i frå Tysseskaret.

Alternativ Tur

Alternativ tur startar med å følga vegen litt tilbake. Der går det ein asfaltert veg med bom på som går opp til dammen for kraftverket. Følg denne vegen nesten til topp. Ta av på sti opp ein bratt bakke. Etter litt så kjem det ein myr som ein skal over bort til Ravatnet. Herfrå følg ein opp dalen kor ein svingar bort til toppen.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 2,2 km ein veg
  • Toppunkt: 529 moh
  • Startpunkt: 211 moh
  • Stigning: 336 m
  • Fall: 6 m
  • Lengde: 2,2 km ein veg
  • Toppunkt: 529 moh
  • Startpunkt: 211 moh
  • Stigning: 349 m
  • Fall: 19 m

Categories:

Comments are closed