Tilkomst

Ta av E39 på Heiane mot Sagvåg. Følg vegen vidare mot flyplassen i rundkjøringa i Sagvåg. Ta av inn på Utslettevegen og følg den heile vegen til fotballbanen. Parkering ved fotballbanen.

Tur

Turen startar ved bygninga på oppsida av parkeringa. Her går stien rett opp bakken. Det er til tider veldig bratte partiar. Når det slakkar litt ut er det moglegheit til å ta til venstre for følga sti mot toppen. Men eg har følgt raudmerka sti heile vegen. Den følg dalen vidare oppover og etterkvart blir det litt småkupert. Etter kvart treff ein stien frå andre sidan og skilt opp mot toppen. Herfrå går det oppover over berg og myrar heile vegen til toppen.

Alternativ Tur

Alternativt så kan ein parkera på parkering langs Fylkesveg 545. Parkeringa ligg like etter avkjøringa til Vikaneset. Stien startar i enden av parkeringsplassen. Stien følgar dalen/bekken heile vegen opp til kor ein treff stien frå andre sida. Stien på denne sida er noko slakkare enn i frå fotballbanen.

Kart

Fil og Turstatistikk

  • Lengde: 1,2 km ein veg
  • Toppunkt: 252 moh
  • Startpunkt: 47 moh
  • Stigning: 208 m
  • Fall: 4 m
  • Lengde: 1,2 km ein veg
  • Toppunkt: 252 moh
  • Startpunkt: 45 moh
  • Stigning: 221 m
  • Fall: 14 m

Categories:

Comments are closed