Tilkomst
Ta av E134 mot Litledalen og vidare mot Håland og opp til Kritle. Husk å betal parkeringsavgifta.
Tur
Følg skogveg opp og forbi Røde Kors-hytta. Rett etter så ta av vegen av på sti. Følg denne stien over Strypeheio. Nokre plasser kan stien vera litt vanskeleg å følgje. Rett før ein starar opp den siste bakken går ein over ein dam og kjem inn på skogsvegen igjen. Ta så opp bakken opp til toppen.
Alternativ Tur
Følg skogsveg heilt til ein er over dammen til Ilsvatnet. Følg så vegen til høgre og så over på sti opp til toppen.
Kart
Turstatistikk og fil
- Lengde: 5,1 km ein veg
- Toppunkt: 720 moh
- Startpunkt: 488 moh
- Stigning: 360 m
- Fall: 105 m
- Lengde: 7,3 km ein veg
- Toppunkt: 720 moh
- Startpunkt: 488 moh
- Stigning: 333 m
- Fall: 100 m
Comments are closed