Bygdarnuten (527 moh)

Tilkomst

Ta av E134 i Ølen og parker ved Ølen Senter.

Tur

Følg fortau vidare forbi Ølen Kulturhus. Når ein kjem over Oselva så tek ein opp ein bratt bakke gjennom eit byggefelt. På toppen av dette byggefeltet går det ein grusveg bort til ein gard. Følg denne gjennom garden og vidare opp gjennom beite. Her kjem ein etterkvart opp til eit anna byggefelt som ein går på sida av. Følg vegen vidare oppover til ein kjem opp til skogen.

Då skal ein vidare opp gjennom skogen. Stien her er merka heile vegen opp til topp. Når det flater ut så kan ein ta sti til venstre mot Bygdarnuten, eller til høgre mot varden på Roatoppen. Då er det bare ein liten bakke opp til toppen.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 3,4 km ein veg
  • Toppunkt: 527 moh
  • Startpunkt: 5 moh
  • Stigning: 525 m
  • Fall: 7 m

Categories: