Tilkomst

Ta av E134 i Ølen og parker ved Ølen Senter.

Tur

Følg fortau vidare forbi Ølen Kulturhus. Når ein kjem over Oselva så tek ein opp ein bratt bakke gjennom eit byggefelt. På toppen av dette byggefeltet går det ein grusveg bort til ein gard. Følg denne gjennom garden og vidare opp gjennom beite. Her kjem ein etterkvart opp til eit anna byggefelt som ein går på sida av. Følg vegen vidare oppover til ein kjem opp til skogen.

Då skal ein vidare opp gjennom skogen. Stien her er merka heile vegen opp til topp. Når det flater ut så kan ein ta sti til venstre mot Bygdarnuten, eller til høgre mot varden på Roatoppen. Her er det litt småkupert bort til varden, men den er synleg heile tida.

Alternativ Tur

Følg vegen bort til Oselva og vidare bort langs fjorden. Så skal ein gå opp gjennom Roabyggefeltet. Når ein kjem igjennom feltet så får ein rundt eit lite hus og inn på ein skogsveg. Ta første veg til venstre på denne vegen. Etter kvart så er det ein grasbakke kor ein skal opp. Når ein har tatt opp her så er det einvega så det er ikkje mogleg å gå feil. Nå gå det bratt opp heilt til toppen.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 2,4 km ein veg
  • Topppunkt: 502 moh
  • Startpunkt: 5 moh
  • Stigning: 520 m
  • Fall: 21 m
  • Lengde: 3,4 km ein veg
  • Topppunkt: 502 moh
  • Startpunkt: 5 moh
  • Stigning: 511 m
  • Fall: 22 m

Categories:

Comments are closed