Tilkomst

Ta av E134 i Rullestad og kjør opp Rullestadjuvet. Når du passerer elva så er det skilt til Jettegrytenuten på venstre side av vegen. Det er plass til å parkera her.

Tur

Turen går over brua og vidare på Postvegen. Etter litt så er det skilt mot Jettegrytenuten. Då er det opp lia, og følgja raude merker på trea bort til nuten. Det er kupert heile vegen bort. Det er skilt kor ein går ned til Jettegrytene då disse ligg i lia ned mot Juvet.

Alternativ Tur

Det er også mogleg å gå i frå Gamleselsbruo. Her er stien også merka med raude merker i trea. Kan vera litt vanskeleg å komma inn på den rette vegen med Gamleselsbruo, men ein skal ta opp lia til høgre når ein kjem opp vegen.

Ein kan også gå i frå Skrumme. Då kjem ein Postvegen i frå andre sida, og så er det same vegen som hovudruta. Merk at her går ein langs ein ekra. Husk å gå heilt i kanten vis ein går denne vegen, slik at ein ikkje trør i graset.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 1,4 km ein veg
  • Toppunkt: 370 moh
  • Startpunkt: 216 moh
  • Stigning: 184 m
  • Fall: 32 m
  • Lengde: 3,6 km ein veg
  • Toppunkt: 370 moh
  • Startpunkt: 107 moh
  • Stigning: 268 m
  • Fall: 10 m
  • Lengde: 1,2 km ein veg
  • Toppunkt: 370 moh
  • Startpunkt: 303 moh
  • Stigning: 116 m
  • Fall: 45 m
  • Lengde: 1,5 km ein veg
  • Toppunkt: 370 moh
  • Startpunkt: 107 moh
  • Stigning: 442 m
  • Fall: 155 m

Categories:

Comments are closed