Tilkomst

Ta av E134 ca. 1 km aust for Etne Sentrum. Følg Fossavegen i ca. 3 km. Ta av inn på rusveg. Det er vegavgift på denne vegen og den betalar ein rett etter ein har tatt inn på vegen. Følg vegen til enden. Det er nokre grinder på vegen opp.

Tur

Frå Rus så tek ein av traktorvegen mot og over myra mot Skittjørna. Følg traktorveg/sti innover langs nuten. Når ein kjem inn til Lysevatnet skal ein ta opp lia og så følgjar ein sti bort til nuten.

Alternativ Tur

Nuten kan også tas frå Kritle. Følg anleggsveg til ein kjem til skilt mot Bjørndalen. Ta av anleggsvegen og så tek ein rundt Kaldheimshovda. Her er det ikkje godt synlege sti før ein er på Lysenuten. Når ein er komme bort til Flotevatnet så tar ein opp bakken. Det går ein liten dal opp lia og følg den så kjem ein direkte på nuten.

Det er også fint å ta nuten ved å gå via Høylandsnuten. Følg vegen mot Rus til ein kjem nedover og skal nedover til Lysevatnet. Då tek ein over mot Veradaltjødnane og går forbi dei og gjennom skaret. Dette partiet er det ikkje godt synleg sti overalt. Når ein er komme i skaret er det sti heilt til ein kjem til Høylandsnuten.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 5,3 km ein veg
  • Topppunkt: 887 moh
  • Startpunkt: 518 moh
  • Stigning: 404 m
  • Fall: 46 m
  • Lengde: 7,6 km ein veg
  • Topppunkt: 887 moh
  • Startpunkt: 518 moh
  • Stigning: 532 m
  • Fall: 163 m
  • Lengde: 8,6 km ein veg
  • Topppunkt: 887 moh
  • Startpunkt: 487 moh
  • Stigning: 541 m
  • Fall: 142 m

Categories:

Comments are closed