Farande Fant i Fjæra og Rullestad 2017

Tilkomst

Ta av til Rullestadjuvet. Parkering er ved Skrumme Hyttefelt.

Tur

Turen startar opp gjennom hyttefeltet før det gå over til sti som går bratt oppover lia. Stien kan vera utydeleg til tider. Etter kvart kjem ein over tregrensa. Stien blir noko tydelegare her og ein er komme over dei brattaste partia.

Alternativ Tur

Då startar ein i Rullestadjuvet og går vegen mot Mjelkestølen og Storenut. Når ein er komme opp lia over Borddalsstølen så skal ein følgja hylla som går tilbake igjen til Rullestadjuvet. Her kan det vera ein del blaute parti, så det er ikkje godt synleg sti alle plasser.

Ein kan også ta seg opp lia frå Turistvegen mot Skrumsnuten, men her er det ikkje stiar og ein må vera oppmerksamd på kor ein går.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 2,4 km ein veg
  • Toppunkt: 900 moh
  • Startpunkt: 320 moh
  • Stigning: 589 m
  • Fall: 3 m
  • Lengde: 5,6 km ein veg
  • Toppunkt: 900 moh
  • Startpunkt: 283 moh
  • Stigning: 711 m
  • Fall: 98 m

Categories:

Comments are closed