Storenut (841 moh)

Tilkomst

Sving av E134 enten i Rullestad eller aust for Rullstadtunnellen og inn på gamle vegen. Parking er rett over Rullestadsvingane.

Tur

Turen startar opp ein bratt traktorveg før den går over på T-merka sti. Når ein kjem til skilt mot Simlebu tek ein den andre stien og når ein kjem fram til Borddalstølen så skal ein opp lia mot Sandvatnet. Herfrå er det merka med raude plastrør. Ein skal følgja ryggen sørover mot Seterdalsbotnen.

Alternativ Tur

Alternativ nedtur er å forsette vidare mot Seterdalsbotnen og ta seg over elva når ein kjem ned, enten ved å hoppe elva eller å ta seg inn til brua. Så følgjer ein T-merka rute tilbake til Mjelkestølen.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 4,0 km ein veg
  • Topppunkt: 841 moh
  • Startpunkt: 283 moh
  • Stigning: 564 m
  • Fall: 47
  • Lengde: 5,5 km ein veg
  • Topppunkt: 841 moh
  • Startpunkt: 283 moh
  • Stigning: 616 m
  • Fall: 71

Categories: