Tilkomst

Sving av E134 enten i Rullestad eller aust for Rullstadtunnellen og inn på gamle vegen. Parking er rett over Rullestadsvingane.

Tur

Turen startar opp ein bratt traktorveg før den går over på T-merka sti. Turen går først til Mjelkestølen og så forsett vidare oppover mot Simlebu. Etter Mjelkestølen stig stien oppover. Etter ein liten stund kjem ein til eit skilt der stien over mot Sauda går til venstre, mens me skal vidare mot Simlebu. Snart skal ein over ein bru. På andre sida av brua er det å ta seg opp bakkane mot toppen av nuten.

Alternativ Tur

Alternativ tur kan ein gå i frå Rullestadjuvet som på Mjelkestølen. Ein har også moglegheit til å ta opp lia mot Simlenuten rett etter at ein har gått i frå Mjelkestølen. Dette er ein kortare rute, men ein går også meir utan sti og ruta er brattare.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 4,1 km ein veg
  • Topppunkt: 859 moh
  • Startpunkt: 284 moh
  • Stigning: 611 m
  • Fall: 22 m
  • Lengde: 4,3 km ein veg
  • Topppunkt: 859 moh
  • Startpunkt: 193 moh
  • Stigning: 688 m
  • Fall: 6 m

Categories:

Comments are closed